Hulda og Arne Garborg busett seg på Labråten i Kunstnardalen på Hvalstad i 1897. Labråten vart ein formidlingssentral som vidareførte impulsar frå både Europa og verda elles. Den var ôg ein møtestad for tankar og nyskaping knytt til breie kulturelle straumar på tvers av nasjonale landegrenser, religion og folk. Heimen er i dag open for omvisningar året rundt.
- 1/4
- 2/4
- 3/4
- 4/4
Om Labråten
Labråten vart selt av Arne og Hulda Garborg sine arvingar til Asker kommune våren 1995. I 1996, etter eit år med restaureringarbeid, opna huset for publikum og vart ein del av Asker museum. På Labråten hadde Arne og Hulda ein roleg stad der dei kunne skrive, drive med kulturell verksemd og skape ein heim for den lille familien deira. Hulda og Arne hadde ein son, som vart døypt Arne, men kalla for Tuften (1888-1968). Bustaden lå sentralt til, samstundes som dei kunne trekkje seg unna det hektiske livet i Kristiania. Dei landlege omgjevnadene ga rom for skifte mellom praktisk og åndeleg verksemd, og plass til å ta imot både vener og åndsfrendar. Unge kunstnarar som Olav Nygård og Rasmus Løland fekk rom og støtte her. Difor har Labråten ein særeigen plass i den norske åndshistoria. Dei som budde her bidrog til å forme den norske identiteten med sitt arbeid for språk og litteratur, teater, biletkunst og kulturelle tradisjonar frå bygdene.
Vi tilbyr omvisning i kunstnarheimane på Hvalstad kvar tirsdag-fredag kl. 13.00 og søndag kl.14.00 der ein kan lære meir om ekteparets virke og få sjå det unike huset.
- 1/4
- 2/4
- 3/4
- 4/4