Hopp til hovedinnhold

Juleroser i Huldas heim

-med Berit Anderson og Herborg Kråkevik

  • 1/1
    foto: Agnete Brun

I år har juleheftet Juleroser tiårsjubileum, og dette vil vi feire med å invitere til ein hyggeleg salongsamtale med Berit Anderson og Herborg Kråkevik om Hulda Garborg. Herborg Kråkevik vil også bidra med musikalske innslag og tekstutdrag frå årets Juleroser.

Berit Anderson er forfattar av Hulda og Heimen, og bidragsytar til årets Juleroser med ein artikkel om Hulda Garborg. Herborg Kråkevik er av landets mest folkekjære og allsidige artistar. Ho har vore redaktør for Juleroser sidan 2015, og har eit stort engasjement for kulturarv og Hulda Garborg.

Det vil også vere sal og signering av Juleroser etter arrangementet.

Arrangerast i samarbeid med Samlaget.

Hjarteleg velkommen!

Entré kr. 200,- 

Salg av enkel snacks og drikke. Alle rettigheter. Dørene åpner kl. 17.00.

Museum24:Portal - 2024.10.21
Grunnstilsett-versjon: 1