Hopp til hovedinnhold
Undervisningsopplegg for VG 1-3

Nasjonale ideal - amerikanske tilstandar

Kvifor reiste Hulda Garborg til Amerika for å arbeide for «den norske saka»? Kva var «den norske saka»?

  • 1/1
    Avduking av Ivar Aasen-støtten i Minnesota, 1913. Foto: Ukjent, MiA - Museene i Akershus.
  • Hulda besøkte eit reservat for urfolk i North Dakota. Foto: ukjend, 1913, brukt i artikkelserien «Et myrdet Folk», del II, Morgenposten/Dagens Nyt (sundagsnummer), 8. nov. 1914, Nasjonalbiblioteket.

I 1913 reiste Hulda Garborg til Amerika for å avduke ein byste av Ivar Aasen. På reisa skreiv ho dagbok og brev. Dette materialet gir eit nært innblikk i tankane hennar om sosial ulikskap, rasisme og undertrykking. Etter reisa engasjerte ho seg sterkt for det amerikanske urfolket. Korleis alt dette heng saman med «den norske saka» er tema for utstillinga.

I undervisningsopplegget får elevane ei levande innføring i kvifor Hulda arbeidde med norsk identitet både her i Noreg og i Amerika. Vi undersøker kva kultur og identitet er, og korleis vi kan forstå arbeidet til Hulda i hennar samtid. Med historisk empati arbeider vi med å forstå oss sjølve og vår eiga samtid gjennom ei presentasjon av Huldas private brev og dagbøker.

Besøket byrjar i heimen til Hulda og Arne Garborg, Labråten, før elevane vert tekne vidare med på reisa til Amerika i utstillinga Hulda til Amerika 1913 – reise, rase og kultur. Der får dei bryne seg på små refleksjonsoppgåver og aktivitetar som skaper relevans for deira eiga tid og liv. Vi avsluttar med ein oppsummerande samtale i salongen på museet.

Ei av oppgåvene elevane får er å sy «geriljabroderi». 

Undervisningsopplegget eignar seg for fellesfaga norsk, historie og fleire programfag innan språk, samfunnsfag og økonomi. Utstillinga er skriven på nynorsk. Her er eit utval kompetansemål i historie og norsk:

Historie vg3 SF

  • Gjøre rede for årsaker til at kolonimakter underla seg landområder, og drøfte konsekvenser for mennesker og samfunn i land og områder som ble kolonisert
  • Reflektere over hvordan ideologier og tankesett på 1900-tallet og fram til i dag har bidratt til undertrykkelse, terror og folkemord som holocaust.

Norsk vg2 SF

  • Gjøre rede for den historiske bakgrunnen for språksituasjonen i Norge i dag.

 

 

Varighet: 90 minutter

Når: August - desember 2025

Bestilling: Etter avtale asker.museum@mia.no

Museum24:Portal - 2025.09.08
Grunnstilsett-versjon: 2