<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=1668687023147121&ev=PageView&noscript=1" />

Den bortkomne Faderen

Velkommen til høgtlesing av Arne Garborgs roman Den bortkomne Faderen med skodespelar Torbjørn Berglund Eriksen.

Tirsdag 17. september kl. 18.30 på Labråten, Garborgs heim på Asker museum.
Fra 17.00 Huldasodd til salgs i Kafé Gunhild i Fusdallåven for kr. 100.

  • Foto: Stine Rommetveit.
    1/1
    Foto: Stine Rommetveit.

Den bortkomne Faderen (1899) er rekna som Arne Garborgs kortaste og vakraste roman. Boka gir eit gripande møte med eit menneske som prøver å finne rotfeste og meining i ei tid der gamle sanningar er knuste av modernitetens nye tankar og vitskapar.

Versjonen som publikum får høyre på Labraaten, er noko forkorta. Lesinga brytast opp av både live og innspelt musikk, komponert av Berglund Eriksen.

Romanen er språkmodernisert av Sigbjørn Reime. Arrangementet varer i om lag to og ein halv time, inkludert pause, og er en samproduksjon mellom Garborg-senteret og Torbjørn Berglund Eriksen. 

Billetter kr. 150 med mat kr. 250. 
Påmelding til tlf 66 79 00 11 eller til post@askermuseum.no.

Eg hadde levt som den bortkomne sonen og var som han komen i naud; men då eg som han søkte heim att, var Faderen borte.

Fra Den bortkomne Faderen

Om Torbjørn Berglund Eriksen

Torbjørn Berglund Eriksen er frå Stavanger, og blei uteksaminert frå teaterhøgskulen (KHiO) i 2003. Han har blant anna spelt roller som Werther i «Unge Werthers lidingar» (Det Norske Teatret 2010, regi: Jonas Corell Petersen), Orin i «Sorga kler Elektra» (Det Norske Teatret 2012, regi: Eirik Stubø) og tittelrolla i «Hamlet» (Rogaland Teater 2014, regi: Kjersti Horn). Dei to sistnemnde tolkingane fekk han Heddapris for. Han har sidan 2010 arbeidd som frilans-skodespelar.

Den burtkomne Faderen er for mig som en Kvintesents av alle Biblers Bibler. Den vil komme til at staa i Eftertiden, som de hellige Bøger, der er os opbevaret gjennem snart Aartusender.

Amalie Skram, 1899