Alfred Fidjestøl forteller fra boken sin "Frå Asker til Eden". Velkommen til en spennende time om Askerkretsen som holdt til her på Hvalstad, og besøk kunstnerhjemmene til Tilla og Otto Valstad og Arne og Hulda Garborg.
I boka "Frå Asker til Eden, Historia om Askerkretsen 1897-1924" forteller Fidjestøl om den såkalla Askerkretsen rundt Arne og Hulda Garborg og Marta og Rasmus Steinsvik på Labråten i Hvalstad i Asker. Andre medlemmer i Askerkretsen var Karen og Ivar Mortensson, Tilla og Otto Valstad, Kristofer Uppdal, Rasmus Løland, Olav Nygard og Steinar Schjøtt. Dette lille mijløet som knytter seg til perioden Arne Garborg bodde på Labråten var ein kulturpolitisk maktfaktor som har vore med å endre og påverke korleis Noreg ser ut den dag i dag.
Det bygde opp den riksdekkande landsmålsavisa Den 17de Mai, det alternative nasjonalteatret Det Norske Teatret, ein reetablert folkedans- og bunadstradisjon og sette i verk ei rad større omsetjingsprosjekt, frå Homer til Holberg. Dei arbeidde med å gjere det norske folket meir heime i sitt eige land, samstundes som dei etter opprivande oppvekstar og vaksenliv freista å etablere personlege heimar for seg sjølve og familiane sine. Berre kilometer unna den parallelle Lysakerkretsen, omkring mannsidolet og polfararen Fridtjof Nansen, putla ein sjukeleg og hypokondrisk gjeng landsmålspionerar i åkeren, og freista å omskape ein konkret hage i Asker til ein Edens hage for det nye Noreg.